Gåvekort tandem paragliding

Gåvekort tandem paraglider
Tandemflyging er ein sertifisert tandempilot som flyr med ein passasjer(deg). Begge har separate seletøy som er festa til kvarandre med eit avstandsstykke i mellom.

kr 1 600,00
På lager
 

Beskrivelse

OM TANDEMFLYGING PARAGLIDER
Tandemflyging er ein sertifisert tandempilot som flyr med ein passasjer(deg). Begge har separate seletøy som er festa til kvarandre med eit avstandsstykke i mellom. Seletøyene er bygd for komfort og tryggheit, og dei følest meir som ein stressless. Når me har starta, kan passasjeren sette seg bak og nyte det fantastiske landskapet vi glir over. Du kan ta bilder eller filma, det er ikkje noko problem.

Fordi paraglideren er så lett å ta med seg og så lett å starte, kan me ta den med på ein hvilken som helst egna topp i Vossaveldet for å fly. Og me har startplasser i alle himmelretningar.

Mottakar av gåvekortet må sjølv tinge tandem paragliding hjå Voss Hang- og Paragliderklubb etter klubbens bestillings- og betalingsreglar.
Under Ekstremsportveko 24. juni - 1. juli 2012 vert det eit tillegg på kr 50,- for å fly tandem paraglider.

Mottaker av gåvekortet tar direkte kontakt med Voss paragliderklubb tlf.46788600, eller send mail til kindem@gmail.com får å avtale tidspunkt for gjennomføring.

Detaljar

Vekt 30.0000
Farge Nei