Beskrivelse
GÅVEKORT - Nøkkelen til opplevingar på Voss!
OM RAFTING GRAD 3-5
Dette er den mest populære sommaraktiviteten på Voss! Spennande, morosamt og passar for nybyrjarar så vel som erfarne! Vasstanden avgjer om ein raftar i Strandaelva eller Raundalselva. Begge elvane held topp internasjonal klasse og ei fantastisk oppleving er garantert.
Etter signering, briefing og omkledning på raftingsenteret, køyrer ein til elva i buss eller minibuss. Deretter blir det tryggleiksinstruksjon ved elvebredda, før ein blir delt inn i grupper på 4-7 personar. Kvar raft blir leia og instruert av ein erfaren guide. Etter litt trening, set ein kursen nedover elva og startar med lette elvestryk som oppvarming. I løpet av første delen må alle gjestene flyte på ryggen ned eit lite stryk og symje inn til sida, alt overvaka av profesjonelle guidar - vi kallar det akklimatisering! Dermed er ein klar for dei større stryka på hovudseksjonen. Ein er på elva i om lag to timar.
Mottakar av gåvekortet må sjølv tinge rafting hjå Voss Rafting Senter etter verksemdas bestillings- og betalingsreglar.
Mottaker av gåvekortet tar direkte kontakt med Voss rafting senter tlf. 56 51 05 25 får å avtale tidspunkt for gjennomføring.